Personvernerklæring

Personvern, nettbasert behandling av personopplysningar

Denne personvernerklæringa gjeld for Kåre Neteland AS og deira dotterselskap Tecno Ventilasjon AS og Tecno AS sine nettsider. Kåre Neteland AS (org.nr 913 916 204) er behandlingsansvarleg for personopplysningar som vert samla inn på nettsida.

Kåre Neteland AS, ved daglig leiar, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar. Der det daglege ansvaret er delegert, kjem fram under kvart enkelt punkt. Delegering omfattar kun oppgåvene og ikkje ansvaret.


Behandling

Kontoransvarleg har det daglege ansvaret for Kåre Neteland AS sine behandlingar av personopplysningar på www.tecno.no. Det er frivillig for dei som besøker nettsida å oppgi personopplysningar i forbindelse med tjenester.

Gasta AS er Kåre Neteland AS, Tecno Ventilasjon AS og Tecno AS sin databehandler, og er vår leverandør for utvikling og vedlikehald av nettstaden. Opplysningar som vert samla inn i forbindelse med drift av nettstaden, vert lagra på eigne serverar og vert drifta av leverandøren. Det er kun Kåre Neteland AS som har tilgang til opplysningane som vert samla inn. Ein eigen databehandleravtale mellom Kåre Neteland AS og Gasta AS vert regulert med kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis den skal behandlast.


E-post og telefon

Kåre Neteland AS, Tecno Ventilasjon AS og Tecno AS benytter e-post og telefon som ein del av det daglege arbeidet. Medarbeidarane i desse selskapa nyttar e-post i alminnelig dialog med interne og eksterne kontaktar. Selskapa behandlear navn, e-post, telefonnummer, firmatilhøyring og eventuelle personopplysningar som fylgjer av henvendelser og tjenester.

Den enkelte er ansvarleg for å slette meldingar som ikkje lenger er aktuelle, og minst kvart år gjennomgå og slette unødvendig innhold i e-posten. Dersom dette ikkje vert gjort vert e-postkontoane sletta, men enkelte relevante e-poster vil normalt verta overført til kollegaer.

Me gjer merksam på at vanleg e-post ikkje er kryptert. Me oppfordrar deg derfor ikkje til å sende sensitive eller fortruleg informasjon pr e-post.


Utlevering av personopplysninger til andre

Me gir ikkje personopplysningar til andre med mindre det føreligg eit lovleg grunnlag for slik utlevering. Kåre Neteland AS, Tecno Ventilasjon AS og Tecno AS bruker databehandlar for å lagre eller behandle personopplysningar på våre vegne. I slike tilfeller har me inngått avtalar for å ivareta informasjonssikkerheiten i alle ledd i behandlinga. Me nyttar oss av fylgjande databehandlarar i dag:

*Kundekontakt og oppfylging: UNI Micro

*Lagring på server: Dataingeniørene

All behandling av personopplysningar som vi føretek oss skjer innenfor EU/EØS-området.


Lagringstid

Me lagrar dine opplysningar hjå oss så lenge det er nødvendig for det formålet personopplysningane vart samla inn for. Personopplysningar me behandlar for å oppfylle ein avtale med deg vert sletta når avtalen og alle plikter som fylgje av avtaleforholdet er oppfylt.


Personvernombudsordninga:

Me er ikkje pliktig til å ha personvernombud i desse selskapa.


Opplysningar om ansatte:

Kåre Neteland AS, Tecno Ventilasjon AS og Tecno AS behandlar personopplysningar om sine ansatte for å administrere lønn og personalansvar. Rettslige grunnlag fylgjer av personopplysningslova§ 8, fyrste ledd og § 8 a),b) eller f) samt § 9 a), b) og f). Det er dagleg leiar og administrasjon som har det daglege ansvaret for dette. Det vert registrert nødvendige opplysningar for utbetaling av lønn, for eksempel grunndata, lønnsnivå, tidsregistrering, skatteprosent, skattekommune og fagforeningstilhørigheit.

I tillegg vert det registrert tilgangsstyring i IT-systemet. Opplysningane vert henta frå dei ansatte sjølve. Sletterutinar for personalopplysningar fylgjer regnskapslova og arkivlova. Opplysningar om navn, stillingar og arbeidsområdet vert rekna som offentlege opplysningar og kan publiserast på nettsidene.


Rettigheiter:

Alle som spør har rett på grunnleggjande informasjon om behandlingar av personopplysningar i ei verksemd etter personopplysningslova § 18,1.ledd. Kåre Neteland AS, Tecno Ventilasjon AS og Tecno AS har gitt denne informasjonen i denne erklæringa, og vil henvise til den ved eventuelle forespørslar. Dei som er registrerte i selskapa sine system har rett på innsyn i eigne opplysningar. Vedkommande har også rett til å be om at uriktige, ufullstendige eller opplysninger selskapa ikkje har adgang til å behandle vert retta, sletta eller supplert. Krav frå den registrerte skal besvares seinast innan 30 dager.


Kontaktinformasjon

E-post: firmapost@neteland.no

Telefon:481 02 729

Postadresse: Gamle Dalavegen 84, 5600 Norheimsund