Tverrfagleg leverandør
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn
TECNO VVS AS er ein tverrfagleg leverandør innan røyr og ventilasjon .
Gjennom vår kompetanse og erfaring innan desse fagområda kan me tilby robuste og formålstenlege løysingar, med fokus på kvalitet, framdrift og god gjennomføring i alle ledd av prosjektet, frå planlegging til ferdigstilling.
Me legg vekt på tett oppfølging og godt samarbeid med byggherre og øvrige aktørar, og ynskjer å bidra til ei løysing som fungerer godt både i anleggsfase og i seinare drift og vedlikehald.
Med vår tverrfaglege kompetanse skal me til ei kvar tid vera leiande på koordinering, utføring og drifting av tekniske anlegg på ein energiøkonomisk måte.
Som kunde hjå oss slepp du å ta ansvar for nokon av delene i produksjonen og du treng ikkje ta hensyn til grensesnitt mellom VVS faga. Me står som spesialleverandør og syter for at dei rette materiala vert kjøpt inn til rett tid slik at byggjetida vert enklare for deg som kunde. Om ynskjeleg kan me også tilby årlege serviceavtalar på dei tekniske anlegga.
Har du planar om eit større byggeprosjekt?
TECNO VVS AS kan hjelpe deg med tilbod og løysingar ifm tekniske anlegg, prosjektering, koordinering, levering og drifting av anlegg på ein energiøkonomisk måte.
Me har VVS fag i eige konsern og samarbeider også tett med andre tekniske fag. TECNO VVS AS kan vera totalentreprenør i prosjekt der VVS-faga har hovudleveransen.