Baderomsdesigner

 

Har du tenkt å pusse opp badet?

Me har to kompetente baderomsdesignarar som samarbeider tett med røyrleggjarane og snikkarane for å syte for at den løysinga du ynskjer deg vert både fin og fagmessig utført.

Har du tankar om å pusse opp badet ditt? I så fall bør du kontakte ein av våre baderomsdesignarar.

Tips til kva ein bør tenkje gjennom i forkant:

  • Ynskje om plassering av baderomsutstyr

  • Ynskje ifm sluk/slukplassering

  • Kva fargar/stil ein likar

  • Kva bruksområde ein tenker for rommet

  • Klosett. (Vegghengt- eller gulvklosett)

Er det snakk om rehabilitering av baderom er det greit å ha tenkt over om ein vil forhalda seg nokolunde til den plasseringa ein har i dag eller om ein ynskjer ei litt meir omfattande vøle med å leggje om røyrstrekka.

Baderomsdesignarane våre kan geleide deg gjennom heile prosessen med å finne din stil, avdekke dine behov i forhold til kva du treng i ditt nye draumebad og ikkje minst finne dei rette produkta og løysingane for at du skal verta fornøgd.

Sjå moglegheitane

Vår butikk er bygd som eit hjelpemiddel for deg som planlegg oppussing av badet. Me har eige studio der me kan hjelpa deg å finna dei mest optimale løysingane i forhold til val av overflater, fargar, interiør og tekniske løysingar. I tillegg har me eigne Basic- og Premiumbad og øvrige
utstillingar som kan vera gode utgangspunkt for inspirasjon og idear, samt vår eigen baderomskatalog smekkfull av praktiske og inspirerande råd og tips.
Alt dette får du i dialog med ein av våre kyndige baderomsdesignarar.

Sjå badet i 3D

Som eit ledd i vårt tilbod utarbeider våre designarar ein eksakt, målsatt teikning med fargar på overflater, møblar og øvrig interiør.
I denne løysinga får du sett ditt planlagte bad i nærmast fotokvalitet før det er bygd. På den måten er det lett å sjå korleis badet vert også for deg som kanskje ikkje er så vant til å lese planteikningar.

Ta gjerne kontakt med oss for eit uforpliktande møte. Me har god trening i å finna smarte og praktiske løysingar til bad og er oppdaterte på trendar innan baderomsutstyr og -møblar.
Spør oss og me bidreg gjerne med kreative idear. Ring oss på tlf 56 55 36 00 eller e-post: butikk@tecno.no