Om oss

Kåre Neteland AS vart starta i 1976 av Kåre Neteland og sonen Arve. Dei første tiåra heldt verksemda til i Kåre Neteland sin garasje og kjellar heime i bustaden på Sandven.
Kontoret var i stova der kona Inger hadde sin arbeidsplass. I 1987/88 bygde dei nye lokaler i Sandvenhagen Industrifelt, der me framleis har hovudkontor.

Kåre Neteland AS vart medlem av Bademiljøkjeda i 1988. Geir Neteland overtok som dagleg leiar i 1996.

Verksemda har også vorte eit aldri så lite konsern. I 2013 kjøpte Kåre Neteland AS verksemda Kantek AS, som er ei ventilasjonsverksemd i Øystese. Der følgde det også med ei ventilasjonsverksemd på Voss. Me vart dermed ein totalteknisk leverandør i VVS-faget.

I 2015 vart det oppretta ein felles administrasjon for røyrleggjer- og ventilasjonsverksemda og me oppretta firmaet Tecno AS, som knyter verksemdene saman og gjer det mogeleg å konkurrera om større totaltekniske VVS-prosjekt. AS Voss Ventilasjonsteknikk vart overdrege til Kantek AS 01.01.2018 og dei fekk nytt namn Tecno Ventilasjon AS.

For å forenkla og effektivisera selskapsstruktuen i konsernet ytterlegare så ingjekk Kåre Neteland AS avtale om fusjonering med TECNO AS og fekk nytt namn TECNO VVS AS 01.01.2020 og 01.11.2021 så vart også Tecno Ventilasjon AS fusjonert inn i TECNO VVS AS.

01.06.2022 overtok TECNO VVS AS alle aksjane til Grønsberg & Sønner AS etter ynskje frå tidlegare eigarane. Eigarane av Grønsberg & Sønner AS er på veg inn i pensjonisttilværet men ynskjer å sikre arbeidsplassane vidare til deira ansatte.

TECNO VVS overtek ei familieverksemd som vart starta av bestefaren til dagens eigarar – Kjell og Reidar Grønsberg i 1955. Grønsberg & Sønner AS leverer røyrleggertenester i Lærdal og Aurland. Verksemda starta i ein liten jordkjellar i Aurland, så starta han opp i Lærdal i 1961.

Hensikten med kjøpet er å sikre arbeidsplassane og styrka fagkompetansen, samtidig kjem me inn på eit nytt geografisk område og kan gje eit totalt meir samla tilbod.
Dette er i tråd med vår strategi om å byggje og auke tverrfagleg kompetanse.
TECNO VVS AS er med dette godt etablert på VVS-sida både i Hardanger, Voss, Aurland, Lærdal og nærliggjande område.
TECNO VVS AS har pr august 2022 64 tilsette. Seks av desse er lærlingar.

TECNO VVS AS innehar kompetanse innanfor prosjektering og utførelse av sanitær-, varme- og sprinkleranlegg. Me er totalleverandør ifm rehab bad og har brei kompetanse innan alle tradisjonelle røyrleggjertenester og bistår deg som kunde med servicearbeid innan varm- og sanitæranlegg.

TECNO VVS AS vil fortsetja å tilby totaltekniske løysingar innan VVS, med tverrfagleg spesialkompetanse innan sanitær-, varme-, luftbehandlingsanlegg, blikkenslagerarbeid, automasjon og SD-anlegg.

TECNO VVS AS er også ein del av Fuglafjell AS, Bratt AS og Horgi AS.