Totalteknisk

Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

TECNO VVS AS tilbyr ei totalteknisk løysing innan VVS, med tverrfagleg spesialkompetanse innan sanitær, varme, luftbehandlingsanlegg, blikkenslagerarbeid, automasjon og SD-anlegg. Me står for prosjektering, utføring og drifting av tekniske anlegg på ein energiøkonomisk måte. Som kunde hjå TECNO VVS AS treng du ikkje ta omsyn til grensesnitt mellom VVS-faga. 

Med vår tverrfaglege kompetanse skal me til ei kvar tid vera leiande på prosjektering, koordinering, utføring og drifting av tekniske anlegg på ein energiøkonomisk måte.

Som kunde hjå oss slepp du å ta ansvar for nokon av delene i produksjonen og du treng ikkje ta hensyn til grensesnitt mellom VVS faga. Me står som spesialleverandør og syter for at dei rette materiala vert kjøpt inn til rett tid slik at byggjetida vert enklare for deg som kunde. Om ynskjeleg kan me også tilby årlege serviceavtalar på dei tekniske anlegga.

Har du planar om eit større byggeprosjekt?

TECNO VVS AS kan hjelpe deg med tilbod og løysingar ifm tekniske anlegg, prosjektering, koordinering, levering og drifting av anlegg på ein energiøkonomisk måte.

Me har VVS fag i eige konsern og samarbeider også tett med andre tekniske fag. TECNO VVS AS kan vera totalentreprenør i prosjekt der VVS-faga har hovudleveransen.