Om TECNO VVS AS

Kåre Neteland AS vart starta i 1976 av Kåre Neteland og sonen Arve. Dei første tiåra heldt verksemda til i Kåre Neteland sin garasje og kjellar heime i bustaden på Sandven.
Kontoret var i stova der kona Inger hadde sin arbeidsplass. I 1987/88 bygde dei nye lokaler i Sandvenhagen Industrifelt, der me framleis har hovudkontor.
Kåre Neteland AS vart medlem av Bademiljøkjeda i 1988. Geir Neteland overtok som dagleg leiar i 1996.
Sidan har verksemda vakse seg stor. I dag har Kåre Neteland AS 31 tilsette. Fire av desse er lærlingar.
Verksemda har også vorte eit aldri så lite konsern.
I 2013 kjøpte Kåre Neteland AS verksemda Kantek AS, som er ei ventilasjonsverksemd i Øystese.
Der følgde det også med ei ventilasjonsverksemd på Voss.
Me vart dermed ein totalteknisk leverandør i VVS-faget.
I 2015 vart det oppretta ein felles administrasjon for røyrleggjer- og ventilasjonsverksemda og me oppretta
firmaet Tecno AS, som knyter verksemdene saman og gjer det mogeleg å konkurrera om større totaltekniske VVS-prosjekt.
AS Voss Ventilasjonsteknikk vart overdrege til Kantek AS 01.01.2018 og dei fekk nytt namn Tecno Ventilasjon AS.

For å forenkla og effektivisera selskapsstrukturen i konsernet ytterlegare så har Kåre Neteland AS inngått avtale om fusjonering med Tecno AS og får nytt namn TECNO VVS AS 01.01.2020.
TECNO VVS AS innehar kompetanse innanfor prosjektering og utførelse av sanitær-, varme- og sprinkleranlegg. Me er totalleverandør ifm rehab bad og har brei kompetanse innan alle tradisjonelle røyrleggjertenester og bistår deg som kunde med servicearbeid innan varme- og sanitæranlegg.

TECNO VVS AS vil fortsetja å tilby totaltekniske løysingar innan VVS, med tverrfagleg spesialkompetanse innan sanitær-, varme-, luftbehandlingsanlegg, blikkenslagerarbeid, automasjon og SD-anlegg. Dette i samarbeid med Tecno Ventilasjon AS som er eit heileigd dotterselskap av TECNO VVS AS.

TECNO VVS AS er også ein av dei fire samarbeidsverksemdene i Fuglafjell AS.