JUBILEUMS-
KONKURRANSE

Vinn baderomsmøbel til ein verdi av 40.000 kr

Vinn baderomsmøbel til ein verdi av 40.000 kr

Vinn baderomsmøbel til ein verdi
av 40.000 kr

I samband med TECNO VVS sitt 50-årsjubileum deler me ut eit eksklusivt baderomsmøbel til ein heldig vinnar.

Har du eit bad som treng ein oppfrisking – litt, mykje, eller verkeleg mykje?
Då kan dette vere sjansen din!

Difor ynskjer me å sjå badet ditt
Me feirar 50 år med å fornye, reparere og skape nye bad i alle formar og fasongar.
Når du sender inn bilete, hjelp du oss å forstå kva folk faktisk slit med – og samtidig får du sjangsen til å vinna noko skikkeleg fint.

Usikker på om badet ditt er «bra nok»?
Slapp av – det er ikkje ein «vakraste bad» - konkurranse
Me heiar spesielt på bad i midtlivskrisa, bad i retrostemning, bad med personlegdom – eller bad som rett og slett treng kjærleik. Alle bileta er med i trekninga

Delta no – og vert med på feiringa!

Slik deltek du i konkurransen:

✅ 1. Ta eit bilete av badet ditt – akkurat slik det er, ingenting er for lite eller for rart!

✅ 2. Legg ut biletet i kommentarfeltet eller send det til oss på Messenger.

👉 Viktig: Dersom du sender på Messenger, må du òg leggje igjen ein kommentar i kommentarfeltet slik at deltakinga di vert registrert.

✅ 3. Føl Facebook-sida vår og lik konkurranseinnlegget for å vera med i trekninga – me annonserer vinnaren på vår Facebook side!


Konkurransen vert trekt mandag 4. mai og vinnaren og premien må hentast på ein av våre lokasjonar i Norheimsund, Voss eller Aurland.

Ved deltaking samtykker du til at bilete kan verta brukt i våre kanalar i samband med konkurransen. Denne konkurransen er på ingen måte sponsa, administrert eller knytt til Facebook!

Informasjon og gevinsten:
Baderomsmøble Alterna, levert av Brødrene Dahl

🎁 Gevinsten inneheld: • Alterna Nea 100 cm baderomsmøbel i sand matt
• Kvit benkeplate
Decus toppservant
• Matt sort handtak
Umbra spegel Ø100 cm med integrert lys
Fima Flo høg servantkran i matt sort
• Tilhøyrande pop‑up ventil i servant

🖤 Vil du fullføra badet i same stil?
Vinnaren får i tillegg tilbod om rabatterte prisar på svart tilbehør, som til dømes: – dusjvegg
– dusjbatteri
– knaggar
– og anna matchande tilbehør

Perfekt for deg som ynskjer eit heilskapleg og gjennomført bad 👌

🎉 SET AV DATOEN – 29. MAI! 🎉

Me fyller år, og det må sjølvsagt feirast! 🎂
29. mai inviterer me til bursdagsfest i studioet vårt i Sandvenhagen, og alle er hjarteleg velkomne.

Denne dagen byr me på: ✨ mange gode jubileumstilbod
✨ spennande konkurransar
✨ inspirasjon til bad og heim
✨ hyggeleg stemning i studioet

Dette vil du ikkje gå glipp av – så sett av datoen allereie no og vert med på feiringa! 🥳