Tøff og urban stil i Tolomarka

Er badet ditt slite? Eller lek det kanskje? Treng du inspirasjon til å fornya det? Då kan du gjera som Agnete Øvsthus. Riv ut det gamle og frisk badet opp saman med dugande fagfolk. Me startar og avsluttar dagen på badet. Det er ikkje likegyldig korleis det fungerer.

Agnete Øvsthus opnar døra før me rekk å ringa på, og viser oss inn i ein lys og triveleg heim. Her bur to vaksne, tre born - ei jente og to gutar - og sjølvsagt ein katt.
Marknadsavdelinga til HF er innom for å ta bilete av badet som Kåre Neteland AS renoverte for dei i vår. Familien Øvsthus kjøpte eigedomen i Tolomarka i 2012. Då pussa dei opp store delar av huset, blant anna fleire bad. Også den gongen bruka dei Kåre Neteland AS til røyrleggjarjobben.
- Me er godt nøgde med arbeidet dei har gjort tidlegare, og difor var det naturleg å ta kontakt med dei igjen når me skulle renovera badet i underetasjen, fortel Agnete.
Kåre Neteland AS har hatt gjort alt frå tømrararbeid til flislegging, røyr og lys. Og difor garanterer røyrleggjarverksemda at badet er tett i minst ti år. Koordineringa av handverkarane har gått av seg sjølv, og kvardagen til Agnete og familen har vore upåverka.
-Eg har sove etter nattevakt, og handverkarane har ordna seg sjølve, seier Agnete.
Det gamle badet vart rive og totalrenovert. Agnete fortel at dei hadde gjort seg nokre tankar sjølve om korleis dei ville ha badet, men at baderomsdesignaren til Kåre Neteland AS, Emmy Charlotte Røberg, hjelpte dei med med å teikna det og velja fliser og innreiing. Blant anna er Agnete godt nøgd med Emmy sitt innspel om å auka storleiken på flisene til 60x60 og lata alt vera i same farge. Resultatet er vorte eit lekkert og funksjonelt bad. Dei yngste i familien er mest nøgde med den store, runde spegelen. Kvitpote, familien sin stolte katt, er derimot mest nøgd med golvmatta, som er ideell til å kvessa klørne på.

Ta kontakt med Kåre Neteland AS for eit uforpliktande tilbod.
Tlf. 56 55 36 00
E-post: firmapost@neteland.no

Tekst og foto: Hordaland Folkeblad

Forrige
Forrige

Veit du korleis det står til med badet ditt?

Neste
Neste

Har du behov for røyrleggjar, ventilasjonsmontør eller blikkenslagar?