HARDANGERBADET TEKNISKE ANLEGG

Hardangerbadet er eit fyrtårnprosjekt med helsepark, bade- og symjeanlegg, hotell og visningssenter for laks, lokalisert i Øystese. Byggestart var sommaren 2018 og det nermar seg opning 15. desember med stormskritt.
Tecno AS er underleverandør av LAB Entreprenør AS og har ansvar for sanitær- og varmeanlegg, luftbehandlingsanlegg, automasjon og SD-anlegg, sprinkleranlegg og elektro. Me har mange dyktige arbeidarar på anlegget, ta gjerne ein kikk på bilda som viser nokre glimt av dei tekniske anlegga på prosjektet.