Fredsamt og luftig i fjærabygda

Marianne Stensland (29) flytta i vår frå ei kjellarleiligheit i Øystese til barndomsheimen i Fjærabygda i Steinsdalen. Boltreplassen er vorten monaleg større.

Då Marianne og sambuaren flytta inn i barndomsheimen i vår, overtok dei eit stort hus med mange rom. Badet var eitt av romma dei ville vøla. Det skulle ikkje berre vera funksjonelt, men også eit fom med ei roleg og avslappa stemning.
- Eg ynskte eit bad der eg kunne slappa av. No sit eg gjerne på badet og snakkar i telefonen, seier Marianne.
Kåre Neteland AS samarbeider med målar og flisleggjar Bjarne Fonneland og Norheimsund elektro, og har eigen tømrar, Tore Bråten. Det tyder at Kåre Neteland AS kan ta hand om heile prosjektet når eit bad skal totalrenoverast eller byggjast. Då garanterer dei tett bad i minst ti år. Dessutan tek Kåre Neteland AS ansvar for logistikken, slik at alle handverkarane kjem til rett tid og i rett rekkjefølge.
Kåre Neteland AS var eit naturleg val for Marianne då badet skulle pussast opp. Dei har levert baderomsmøblar og lampar, lagt fliser og utført elektrisk arbeid saman med sine samarbeidspartnarar. Marianne er godt nøgd med resultatet. Ho likar særskilt godt baderomsmøblane og flisene. Baderomsdesignaren Emmy Charlotte har gjeve gode innspel, og Marianne har plukka ut dei ho lika best. Kåre Neteland AS har levert utmerka sørvis, ventetida har vore kort, og røyrleggjarverksemda har gjennomført arbeidet som venta, seier Marianne. Med andre ord eit vellukka prosjekt.

Ta kontakt med Kåre Neteland AS
for eit uforpliktande tilbod.

Tlf.: 56 55 36 00
E-post: firmapost@neteland.no

Tekst og foto: Hordaland Folkeblad

Forrige
Forrige

KLIKK & HENT

Neste
Neste

Takk for 10-års garanti tett bad oppdraget!