Ventilasjon

 Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/Hunnalvatn Media

Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/Hunnalvatn Media

 
 Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/Hunnalvatn Media.

Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/Hunnalvatn Media.

 Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/Hunnalvatn Media.

Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/Hunnalvatn Media.

Inneklima

Inneklima handlar for det meste om korleis brukarane opplever miljøet rundt kvardagen - nemleg det inneklimaet ein til ei kvar tid oppheld seg i.
Godt inneklima er svært viktig for å unngå eller forverre allergiske sjukdomar, utvikling av astma, allergi eller anna overomfintlegheit.

Me kan hjelpa deg med løysingar som betrar inneklimaet!
 

Me kan tilby:

  • Prosjektering og sal av ventilasjonsanlegg
  • Service på ventilasjonsanlegg
  • Ombygging av ventilasjonsanlegg
  • Rehab gamle anlegg
  • Plateverkstad med moderne maskiner for kanalproduksjon
  • Skifting av komponenter i eksisterande anlegg (gjenvinner, filterkabinett, vifter, etc)
  • Utskifting og fornying av komponentar i eksisterande anlegg


Me leverer:

  • Sponavsug
  • Eksosavsug
  • Storkjøkenventilasjon
  • Frisørventilasjon
  • Sentralstøvsuger
  • m.m.

 
 Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/Hunnalvatn Media.

Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/Hunnalvatn Media.

Dårleg inneklima 

Dårleg inneklima og forureining av inneluft gir høg konsentrasjon av koldioksid. Dette fører til at ein vert trøtt og får konsentrasjonsvanskar. Samtidig har det vist seg at produktiviteten går ned. For høg temperatur senkar menneske si arbeidsevne; sjølv ei lita temperaturauke har stor innverknad på produktiviteten. 
Dårleg inneklima aukar ulukkesfrekvensen og sjukefråveret. Undersøkingar viser at både for høg og for låg temperatur aukar ulukkesrisikoen. Det aukande talet allergitilfeller, særskilt hjå born, har i mange tilfelle vorte ført direkte tilbake til dårleg inneluft. 


Symptom som me kan knyta til dårleg inneklima: 

  • Irritasjon i auge, nase og hals
  • Astma og høysnue
  • Hyppige luftvegsinfeksjonar
  • Tørr hud, kløe, eksem i huda, særskilt i ansiktet og på hendene
  • Unormalt trøytt, hovudverk, uopplagt


Førebyggjande

  • Ved hjelp av eit godt inneklima og god inneluft hindrar ein trøttleik, aukar prestasjonsevna, reduserar risikoen for
  • ulukker og sjukefråver. Det kan difor vera lønsamt å investere i eit godt klima. 
  • For å førebyggje eit godt inneklima er det viktig med: 
  • Reinhald av bygning og tekniske anlegg i byggetida og før bygget vert teke i bruk
  • Eldre ventilasjonsanlegg kan byggast om slik at det verkar etter dagens krav
  • Energibehovet vert redusert ved effektive løysingar for ventilasjon og effektive
  • tiltak ved forureiningskjeldene
  • Eit godt reguleringssystem held ynskt temperatur og sparar energi
  • Lufttemperatur under 22°C sparar energi og reduserar irritasjon av slimhinner
  • Vedlikehald av fyringsanlegg sparar energi og betrar innemiljøet
  • Opplæring av driftsansvarleg betrar miljø og økonomi
  • Javnleg vedlikehold utført av kvalifisert personell



 


 
 Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/Hunnalvatn Media.

Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/Hunnalvatn Media.

Driftsøkonomi

Ta kontakt med oss for ein prat om førebyggjande vedlikehald. Det er unødvendig å fyre for
kråkene, dei klarar seg uansett!  

Med moderne hjelpemiddel og teknikk får me anlegg til å fungere etter dagens krav.
Ved bruk av PLS og datamaskin kan ein fjernavlesa og styra ventilasjonsanlegg,
pumpestasjonar og andre prosessavhengige installasjonar.
Me bygger om, eventuelt bygger ny styretavle som er tilpassa kvart anlegg for å oppnå maksimal utnytting av energien. Brukarfeil er ofte årsaka til dårleg driftsøkonomi og driftsforstyrringar. Difor er opplæring og driftsinstruks eit særs viktig element.