Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/Hunnalvatn Media

Foto: Jon Hunnålvatn Tøn/Hunnalvatn Media


Tecno AS

Tecno AS vart oppstarta 14.01.2015 og er eigd av Kåre Neteland AS.

Tecno tilbyr ei totalteknisk løysing innan VVS, med tverrfagleg spesialkompetanse innan sanitær, varme, luftbehandlingsanlegg, blikkenslagerarbeid, automasjon og SD-anlegg.

Med vår tverrfaglege kompetanse skal me til ei kvar tid vera leiande på prosjektering, koordinering, utføring og drifting av tekniske anlegg på ein energiøkonomisk måte. Som kunde hjå oss slepp du å ta ansvar for nokon av delene i produksjonen og du treng ikkje ta hensyn til grensesnitt mellom VVS faga. Me står som spesialleverandør og syter for at dei rette materiala vert kjøpt inn til rett tid slik at byggjetida vert enklare for deg som kunde. Om ynskjeleg kan me også tilby årlege serviceavtalar på dei tekniske anlegga.