Om Kåre Neteland AS

Kåre Neteland AS vart starta i 1976 av Kåre Neteland og sonen Arve. Dei første ti åra heldt verksemda til i Kåre Neteland sin garasje og kjellar heime i bustaden på Sandven.
Kontoret var i stova der kona Inger hadde sin arbeidsplass.
Sidan har verksemda vakse seg stor. Ho har dei 30 siste åra halde til i Sandvenhagen Industrifelt. I dag har Kåre Neteland AS 24 tilsette. To av desse er lærlingar.
Verksemda har også vorte eit aldri så lite konsern.
I 2013 kjøpte Kåre Neteland AS verksemda Kantek AS, som er ei ventilasjonsverksemd i Øystese.
Der følgde det også med ei ventilasjonsverksemd på Voss. Me vart dermed ein totalteknisk leverandør i VVS-faget. I etterkant oppretta me firmaet Teco AS, som knyter verksemdene saman og gjer det mogeleg å konkurrera om større totaltekniske VVS-prosjekt.

Kåre Neteland AS er også ein av dei fire samarbeidsverksemdene i Fuglafjell AS.