STILLING LEDIG SOM FAGLEG LEIAR VENTILASJON

Vårt fagteam er pr. i dag samansett av menneske som til saman dannar ein tverrfagleg bakgrunn, nokon av dei med over 30 års erfaring frå bransjen. Som ein del av denne prosessen søkjer me deg til å vera med i vårt totaltekniske fagteam som fagleg leiar i vår ventilasjons- og automasjonsverksemd TECNO VENTILASJON AS.

TECNO VENTILASJON AS søkjer:
FAGLEG LEIAR VENTILASJON
avd. Voss/Norheimsund

Arbeidsoppgåver:
- Bistå kunde med å finne rette løysingar samt vera firmaets faglege ansvarlege for prosjektering og utførelse.
- Marknadsføre og selge verksemda sine produkt
- Prosjektering og oppfyljing av prosjekta frå start til slutt
- Teikning
- Teknisk og økonomisk oppfylgjing
- Anbudsrekning og tilbodsgjeving
- Innkjøp
- Kundekontakt

Kvalifikasjonar:
- Byggteknisk erfaring, ingeniør innan VVS-faget, maskiningeniør eventuelt relevant leiarerfaring.
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeida sjølvstendig, men samtidig samarbeide med dine medarbeidarar internt og eksternt oppimot andre fag
- Gode datakunnskapar
- Gode språkkunnskapar i norsk både skriftleg og munnleg
- Evna til å ta avgjerder i ein hektisk kvardag
- Kreativ og løysingsorientert

Me kan tilby:
- Ei interessant stilling i eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver
- Gode pensjons-, lønns- og forsikringsforhold

Interessert i fleirfagleg teknisk fellesskap?
Har du lyst å verta ein del av vårt spennande team?
Send inn CV og søknad til personalansvarleg nina@neteland.no innan 25.11.2018 eller ta kontakt med dagleg leiar Erlend Flotve tlf. 958 41 601 for meir info.

tecno ventilasjonSilje Vik